Sunnavind 


Redaktør: lars.olav.tveita@sksk.mil.no    lotveita@start.no

Siste oppdatering av sida: 26.10.16 12:35:00

 

Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen Nr. 1 2016 97. årgang 

Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen Nr. 1 2015 96. årgang

Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen Nr. 1 2014 95. årgang

Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen Nr. 1 2013 94. årgang

Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordleningen. Nr. 1 2012  93. årgang.

Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen. Nr. 1 2011   92. årg.

Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen. Nr. 1 2010   91 årg.

Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen. Nr. 1 2009   90. årg.

Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen. Nr. 1 2008   89. årg.

Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen. Nr. 1 2007 88. årg

Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen  Nr. 1 2006 87. årg

Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen  Nr. 1 2005 86. årg

Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen. Nr. 1 2004 85. årg 

Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen. Nr. 1 2003 84. årg 

Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen nr. 2 2002 83. årgang

Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen. Nr. 1 2002 83. årg 
Meldingssblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen Nr. 2 2001. 82. årg.
Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen. Nr. 1 2000. 81. årg.
Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen nr. 1 1998. 79. Årg.

 

 

 

 

 

 

 

 

Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen.    Nr. 1  2004   85. årg 

Innkalling til årsmøte:

Tid: Fredag 4. juni kl. 19

Stad: På Sunnabu

Sakliste:

1. Årsmelding for 2003.

2. Rekneskap for 2003.

3. Medlemskontingent

4. Drift av Sunnabu.

5. Val.

6. Eventuelt.

 

Vi prøver ein ny vri på årsmøtet og kombinerer det med ein hyttekveld med god mat og drikke, og for dei som har høve til å vera over til lørdag og evt. sundag: Litt dugnadsarbeid, ein tur dersom veret tillet det og  planlegging av drifta av hytta framover.  Meld gjerne frå om du kjem på tlf. 55 51 05 88/90 61 63 59  innan dagen før.

Alle tar med ein betre middag til fredagskvelden (biff eller liknande).


Plan for drift av hytta vinteren 2004:
 

Ei helg kvar månad disponibel for arrangement:

14.-16. januar             11.-13. februar Årsmøte     12.-13. mars: Sunnaburenn

15.-17. april                                        

Alle andre helger og veker prøver vi å leige ut eller stille disponibel som gratis veke/helg for långivarar

 

Fordeling av hytta skjer slik i sesongen (januar-april):

For utleige ei helg:

Fordeling skjer torsdag kl. 19.00 8 dagar før utleige. Alle som har meldt seg innan den tid, vil bli vurdert. Medlemer har fortrinnsrett.  Dersom ingen har meldt seg, 

gjeld "først til mølla" etter det tidspunkt. Inntil ei helg kvar månad kan "seljast" på førehand utan tidsfrist til eksterne/interne leigetakarar. Hyttestyret kan dermed straks svare ja på forspørsler om hytteleige framover i tid.

Dei helgane hytta står disponibel for medlemer (ei helg kvar månad):

Dersom ingen har meldt seg interessert i å nytta hytta før torsdag  (1 dag før helga), kl. 19.00, kan hytta leigast ut etter prinsippet "først til mølla".

Vinterferie 2005 (21.2-25.2)+helga før eller etter:

Utleige til markedspris (min kr. 4500 ,  kr. 3500 for medlemer).  Dersom ingen  medlemer har meldt seg interessert innan torsdag 20.januar kl. 19.00, så blir hytta leigd ut til eksterne.
Påskeferie med palmehelg 2005 (18.3-28.3) (kan f.eks. delast i to):

Fordeling skjer torsdag 3.3. kl.19.00 mellom dei som har meldt seg interessert til dess. Etter det skjer tildeling etter prinsippet "først til mølla" eller hyttestyret kan velja å leiga ut komersielt dersom det er ledig tid.

 

Takstar f.o.m 1.12.01:

 

 

 

Medl.

Ikkjemedl.

Pr. natt (utanom påske)

50

60

Pr. natt påskeonsdag-2.påskedag

70

80

Veke sundagskveld-fredagskveld

750

1200

større grupper/klassar tillegg pr. person

20

30

Helg fredagskveld-sundagskveld

500

800

større grupper/klassar tillegg pr. person

20

30

 

 

 

For enkeltdøgn kjem tillegg kr. 50 pr døgn for straum for deling mellom

alle på hytta.

 

 

 

 

 

Bruk av parkeringsplass: Kr. 20 pr. dag + kr. 20 pr natt. (Ikkje ved vekeleige)

 

Medlemer i Sunnhordlendingen 2003:
Finn Mortensen, Ingse Andersen, Britt Karin Hegdal, Atle Jan Røyrvik, Knut Skålnes, Atle Tornes, Anne Britt Tornes, Anne Sofie Totland, Olav Bjørgen, Kari Aarbakke, Alf M. Bakke, Inga Tveito, Reidar Rusås,  Reidun Rusås, Kirsti Havikbotn, Lars Olav Tveita, Olav Kvernenes, Per Aga, Gunnbjørg Skålevik.

Referat frå Årsmøte torsdag 3. april 2003 hjå Kirsti og Lars Olav:
Innkalling godkjend.
1. Årsmelding for 2002:
Årsmeldinga var send ut med innkallinga. Årsmeldinga vart opplesen og godkjend.
2. Rekneskap for år 2002:  Rekneskap godkjend.
3. Medlemskontingent. Fastsett til kr. 200,- for 2003.
4. Drift av Sunnabu:
Alle var samde om at dei skulle prøve å bruka hytta meir og få folk til å leiga.. Vi må få til ei dugnadshelg i august/september.
5. Val:
Styret er etter valget:
Formann:             Lars Olav Tveita
Kasserar:             Kirsti Havikbotn
Skrivar:                Per Aga
Styremedlem:      Reidar Rusaas
Varamedlemer: Atle Jan Røyrvik, Britt Karin Hegdal, Inga Tveito
Ettersynsmenn: Per Erik Hanssen og Atle Jan Røyrvik
Råd:
Kjell Matre,         Vald for 1 år
Atle Tornes,         Vald for 2 år
Kari Aarbakka,     Vald for 3 år
Olav Bjørgen,      Vald for 4 år
Anne Sofie Totland, Vald for 5 år
5. Eventuelt: Ingen saker til eventuelt.

Årsmelding for 2003
Aktiviteten i dette året er berre det som har foregått på hytta. Som rekneskapen viser, er det litt betre bruk av hytta dette året.  Men medlemene har ikkje tatt hytta i bruk i den grad som ein kunne vona..
Kjøkkenet er no pussa opp med 2 skuffeseksjonar, eit  gryteskap med karusell og ny benkeplate. Vegger og dører er nymåla og det er komen ny vinduskarm.  Rommet innafor kjøkkenet er måla i lyse fargar, både tak og veggar. Dette er eit prøveprosjekt for å teste korleis vi kan gjera med andre mørke rom. Fleire soverom står for tur for opp-pussing. Men kva med stova? Ein del ny lysarmatur er komen opp både i stova, på soverom og på loftet. Av dugnadsarbeid elles, er det flikka litt med måling (alle endeveggar er nymåla) , taket er lappa litt osv.

Til sommaren må heile hytta få seg eit strøk måling og eine loftsvinduet må skiftast ut. Fleire vindu bør få sprosser. I gangen bør vi få til eit garderobe/tørkeskap.. Fleire graner som tar sola i solkroken bør fellast (etter samråd med Fjellkameratane) og vedskuret ved skykkja må renoverast.

BYGDELAGET SUNNHORDLENDINGEN   REKNESKAP  FOR 2003.

Resultat/KTV 2003

 

 

 

 

 

2003

 

 

2002

 

Medlemspengar

 

4 000,00

 

 

4 100,00

Overnattingar

 

13 645,00

 

 

8 215,00

Renter

 

10,72

 

 

86,02

Straum

6 391,50

 

 

3 562,00

 

Renovasjon/vatn

6 665,00

 

 

6 505,04

 

Forsikring

2 723,00

 

 

2 554,00

 

Driftsutg./vedl

4 011,60

 

 

4 585,80

 

Underskot

 

2135,38

 

 

4805,82

 

19 791,10

19 791,10

 

 

 

Balanse

 

 

 

 

 

 

31.12.03

 

 

31.12.02

 

Bank Spareb.Vest

122,24

 

 

119,24

 

Postbanken

754,62

 

 

1 109,90

 

Sunnabu

150 000,00

 

 

150 000,00

 

Kreditor: Lars Olav

 

20 954,71

 

 

19 171,61

Lån medlemer

 

80 000,00

 

 

80 000,00

Eigenkapital

 

49 922,15

 

 

52 057,53

 

150 876,86

150 876,86

 

 

 

 

 

 

Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen.  Nr. 1  2003   84. årg 

Innkalling til årsmøte:

Tid: Torsdag 3.april Kl. 20.00

Stad: Hjå Kirsti og Lars Olav, Ravnestølen 178

Sakliste:

1. Årsmelding for 2002.
2. Rekneskap for 2002.
3. Medlemskontingent
4. Drift av Sunnabu.
5. Val.
6. Eventuelt.

 Meld gjerne frå om du kjem på tlf. 55 51 05 88 innan dagen før.


Plan for drift av hytta våren 2002:
 (sjå også  http://home.no.net/lotveita/utleige.htm )

Ei helg kvar månad disponibel for arrangement:

18.-20. januar:                   15.-17. februar:                 28.-30. mars

25.-27. april                      

Alle andre helger prøver vi å leige ut.

 

Fordeling av hytta skjer slik i sesongen (januar-april):

For utleige ei helg:

Fordeling skjer torsdag kl. 19.00 8 dagar før utleige. Alle som har meldt seg innan den tid, vil bli vurdert. Medlemer har fortrinnsrett.  Dersom ingen har meldt seg, gjeld "først til mølla" etter det tidspunkt. Nytt: Inntil ei helg kvar månad kan "seljast" på førehand utan tidsfrist til eksterne/interne leigetakarar. Hyttestyret kan dermed straks svare ja på forspørsler om hytteleige framover i tid.

Dei helgane hytta står disponibel for medlemer (ei helg kvar månad):

Dersom ingen har meldt seg interessert i å nytta hytta før torsdag  (1 dag før helga), kl. 19.00, kan hytta leigast ut etter prinsippet "først til mølla".

Vinterferie (3.3-7.3)+helga etter:

Utleige til markedspris (min kr. 4500 ,  kr. 3500 for medlemer).  Ingen  medlemer hadde meldt seg interessert innan torsdag 16.januar kl. 19.00, så hytta vart leigt ut til eksterne.
Påskeferie med palmehelg(14.4-21.4) (kan f.eks. delast i to):

Fordeling skjer torsdag 27.3. kl.19.00 mellom dei som har meldt seg interessert til dess. Etter det skjer tildeling etter prinsippet "først til mølla" eller hyttestyret kan velja å leiga ut komersielt dersom det er ledig tid.

 

Takstar f.o.m 1.12.01:

 

 

(auke på ca. 20%)

Medl.

Ikkjemedl.

Pr. natt (utanom påske)

50

60

Pr. natt påskeonsdag-2.påskedag

70

80

Veke sundagskveld-fredagskveld

750

1200

større grupper/klassar tillegg pr. person

20

30

Helg fredagskveld-sundagskveld

500

800

større grupper/klassar tillegg pr. person

20

30

 

 

 

For enkeltdøgn kjem tillegg kr. 50 pr døgn for straum for deling mellom

alle på hytta.

 

 

 

 

 

Bruk av parkeringsplass: Kr. 20 pr. dag + kr. 20 pr natt. (Ikkje ved vekeleige)

 

Medlemer i Sunnhordlendingen 2002:
Magne Ro, Finn Mortensen, Ingse Andersen, Britt Karin Hegdal, Atle Jan Røyrvik, Knut Skålnes, Atle Tornes, Anne Britt Tornes, Anne Sofie Totland, Eldrid Meling Hanssen, Per Erik Hanssen, Olav Bjørgen, Kari Aarbakke, Alf M. Bakke, Inga Tveito, Reidar Rusås,  Reidun Rusås, Anders Kåre Engevik, Ingvild Tveita Hanssen, Kirsti Havikbotn, Lars Olav Tveita.

Referat frå Årsmøte lørdag 19.01.02 på Sunnabu:
Innkalling godkjend.
1. Årsmelding for 2001:

Aktiviteten i laget i 2001 var arbeidet med installering av vatn og kloakk  på hytta, finansiering av dette og omframt årsmøte 30.08.01 for å vedta finansieringsordninga. Referat frå dette møtet var sendt ut i eige skriv. Arbeidet med installeringa var også omhandla i dette skrivet. Årsmeldinga vart godkjend.
2. Rekneskap for år 2001: 
Eigenkapital for laget og hytta bør slåast saman. Til neste år sluttar vi med spesifikasjon hovudlag/hytta, avdi det ikkje er annan aktivitet enn hytta.  Rekneskap godkjendt
3. Drift av Sunnabu:
Plan for drift i 2002 vart godkjend. Takstar vart godkjende. Medlemskontingent auka til kr. 200.
4. Val:
Styret er etter valget:
Formann:             Lars Olav Tveita
Kasserar:             Kirsti Havikbotn
Skrivar:                Per Aga
Styremedlem:      Reidar Rusaas
Varamedlemer: Atle Jan Røyrvik, Britt Karin Hegdal, Inga Tveito
Ettersynsmenn: Per Erik Hanssen og Atle Jan Røyrvik
5. Eventuelt: Ingen saker til eventuelt.

Årsmelding for 2002
Aktiviteten i dette året er berre det som har foregått på hytta. Som rekneskapen viser, er det altfor lite bruk av hytta.  Medlemene har ikkje tatt hytta i bruk i den grad som ein kunne vona. Utleige til eksterne er i nokre tilfelle hindra av dei fordelingsreglane vi har praktisert:  Vi har ikkje kunna sagt ja til utleige 3-4 veker fram i tid, og dermed forsvinn interessa.
Dusj og rikeleg med varmt vatn har gjort hytta til eit triveleg alternativ. Men enno står det att ein del ønskjelege oppgraderingar. Kjøkkenet står for tur. Eg har fått tak i 2 skuffeseksjonar og eit  gryteskap med karusell. Dette må monterast til sommaren. Det er kome nytt kjøkkenvindu, heilt nytt husmorvindu og for første gang: kjøkkengardiner. Av dugnadsarbeid elles, er det flikka litt med måling, taket er lappa litt osv. Til sommaren må heile hytta få seg eit strøk måling og eine loftsvinduet må skiftast ut. Fleire vindu bør få sprosser. I gangen bør vi få til eit garderobe/tørkeskap. Det må vurderast å få stova lysare i fargen. Fleire graner som tar sola i solkroken bør fellast (etter samråd med Fjellkameratane).

 

Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen nr. 2 2002  83. årgang.

Referat frå årsmøtet 2002  19.01.02 på Sunnabu.
Innkalling godkjend
Sak 1. Årsmelding for 2001. Aktiviteten i 2001 har vore arbeidet med installering av vatn og kloakk på hytta, finansiering av dette og omframt årsmøte 31.08.01 for å vedta finansieringsordning. Referat frå dette møtet er sendt ut. Arbeidet med installering starta med legging av røyr til hyttevegg i juli (Henrik Steine og Røyrleggjar Netteland), fjerning av snurredass og graving og tilrettelegging under hytta (Lars Olav), klargjering for elektrisk arbeid og innvendig røyrleggjararbeid (Reidar og Lars Olav) i september, røyrleggjararbeid (Netteland) og elektikararbeid (Nordheimsund Elektro og Kvam Kraftlag) i oktober, tildekking av grøfter og montering av dusjkabinett (Lars Olav) i oktober/november, tilkopling av vaskar (Lars Olav) i desember og januar. Det kom inn tilsegner om yting av lån frå medlemene på tilsaman kr. 80 000,- i løpet av september/oktober. Lånekontraktar vart sende ut 11.11.01. 

Sak 2. Rekneskap for 2001. Eigenkapitalen for laget og hytta bør slåast saman. Rekneskapen vart godkjend.

Sak 3. Drift av Sunnabu. Plan for drift våren 2002 godkjend. Takstar godkjende. Medlemskontingenten var ikkje sett opp som eiga sak. Men for å sikre drifta i 2002 må medlemskontingenten aukast. Vedtak: Ny medlemskontingent Kr. 200 for 2002. Må takast opp som eiga sak neste årsmøte. 

Sak 4. Val:
Formann: Lars Olav Tveita
Kassastyrar: Kirsti Havikbotn
Skrivar:   Per Aga
Styremedlem: Reidar Rusaas
Varamedlemer: Atle Jan Røyrvik, Britt Karin Hegdal, Inga Tveito

Ettersynsmenn: Per Erik Hanssen, Atle Jan Røyrvik

Sak 5. Eventuelt. Ingen saker til eventuelt.

Desse var tilstades på årsmøtet:
Anne Sofie Totland, Inga Tveito, Kari Aarbakke, Lars Olav Tveita

Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen.    Nr. 1  2002   83. årg 

Innkalling til årsmøte:

Tid: Laurdag 19. januar 2002. Kl. 17.00

Stad: Sunnabu

Sakliste:

1. Årsmelding for 2001.

2. Rekneskap for 2001.

3. Drift av Sunnabu.

4. Val.

5. Eventuelt.

 

Etter årsmøtet lagar vi oss ein tradisjonell hyttemiddag av det kvar har med.  Framlegg til meny: Biff eller kotelettar, poteter og tilbehør.

Årsmøtet er så tidleg at dei som heim om kvelden, kan nå det.

 

Plan for drift av hytta våren 2002: (sjå også http://home.no.net/lotveita/utleige.htm 

Ei helg kvar månad disponibel for arrangement:

18.-20. januar:                       Årsmøte på hytta lørdag 19.1.

15.-17. februar:                     Sunnabu-treff med litt dugnad

15.-17. mars:                         Sunnabu-renn

26.-28. april:                          Vårtreff .

Alle andre helger prøver vi å leige ut.

 

Fordeling av hytta skjer slik:

For utleige ei helg:

Fordeling skjer torsdag kl. 19.00 8 dagar før utleige. Alle som har meldt seg innan den tid, vil bli vurdert. Medlemer har fortrinnsrett.  Dersom ingen har meldt seg, gjeld "først til mølla" etter det tidspunkt.

Dei helgane hytta står disponibel for medlemer (ei helg kvar månad):

Dersom ingen har meldt seg interessert i å nytta hytta før torsdag  (1 dag før helga), kl. 19.00, kan hytta leigast ut etter prinsippet "først til mølla".

Vinterferie (24.2-1.3)+ei helg før eller etter (kan evt. delast i to):

Utleige til markedspris (min. kr. 4000 ,  kr. 3500 for medlemer).  Dersom medlemer har meldt seg interessert innan torsdag 17.januar kl. 19.00, vil hytta bli fordelt då. Dersom ikkje, vil vi prøve å få til utleige på annan måte.

Påskeferie med palmehelg(22.3-1.4) (kan f.eks. delast i to):

Fordeling skjer torsdag 14.3. kl.19.00 mellom dei som har meldt seg interessert til dess. Etter det skjer tildeling etter prinsippet "først til mølla" eller hyttestyret kan velja å leiga ut komersielt dersom det er ledig tid.

 

Takstar f.o.m 1.12.01:

 

 

(auke på ca. 20%)

Medl.

Ikkjemedl.

Pr. natt (utanom påske)

50

60

Pr. natt påskeonsdag-2.påskedag

70

80

Veke sundagskveld-fredagskveld

750

1200

større grupper/klassar tillegg pr. person

20

30

Helg fredagskveld-sundagskveld

500

800

større grupper/klassar tillegg pr. person

20

30

 

 

 

For enkeltdøgn kjem tillegg kr. 50 pr døgn for straum for deling mellom

alle på hytta.

 

 

 

 

 

Bruk av parkeringsplass: Kr. 20 pr. dag + kr. 20 pr natt. (Ikkje ved vekeleige)

 

Medlemer i Sunnhordlendingen 2001:

Hjalmar Tvedt,  Britt Hegdal,  Gunnbjørg Valved, Harald Valved, Alf M. Bakke, Magne Ro, Per Erik Hanssen, Eldrid Meling Hanssen, Anne Sofie Totland,  Olav Bjørgen, Britt Bjørgen, Anders K. Engevik, Helge Eldevik,  Finn Mortensen , Ingse Andersen,        Olav Kvernenes, Reidun Rusås, Reidar Rusås,    Kirsti Havikbotn, Lars Olav Tveita, Inga Tveito, Jan Magne Helland, Kari Aarbakke,  Atle Jan Røyrvik, Per Aga, Anne Britt Tornes, Atle Tornes, Åse-Liv Tveita Hanssen, Ingvild Tveita Hanssen, Åshild Tveita Hanssen, Ragnhild Tveita Hanssen, Knut Skålnes

Referat frå Årsmøte 13.02.01 hjå Eldrid og Per Erik:

Innkalling godkjend.
1. Årsmelding var send ut med innkallinga. Årsmeldinga vart godkjend.
2. Rekneskap for år 2000 vart kodkjendt.
3. Hytta: Styret skal sende ut invitasjon til medlemene om å investere i andeler for totalt kr. 60 000,- for innlegging av vatn og kloakk.
4. Val: Styret vart attvald. Ettersynsmenn vart attvalde.
Styret er:
Formann:               Lars Olav Tveita
Kasserar:               Kirsti Havikbotn
Skrivar:                  Per Erik Hanssen
Styremedlem:        Reidar Rusaas
Varamedlemer: Inga Tveito, Britt Karin Hegdal, Ingse Andersen

Ettersynsmenn: Per Erik Hanssen og Reidar Rusaas

5. Eventuelt: Styret bør vurdere auke av medlemskontingent til Kr. 150,-.

Referat frå Omframt årsmøte 30.08.01 hjå Kirsti og Lars Olav.

Innkallinga vart godkjend.

Sak 1: Andelsordning for innlegging av vatn og kloakk på Sunnabu. Formannen orienterte om utsendt skriv frå styret og refererte skriv frå Gunnbjørg Valved og Atle og Anne Britt Tornes. Formannen refererte brev som var sendt som svar til Gunnbjørg. Nytt framlegg frå styret vart presentert: Dei som yter rentefritt lån på Kr. 10 000,- vil få tildelt ei veke pr. år i lavsesongen, 10. mai - 20.desember. Det var ein del diskusjon om dei også skulle ha ein viss fortrinnsrett i høgsesongen. Det vart vedteke samrøystes å sende ut framlegget utan fortrinnsrett til medlemene med invitasjon til teikning av lån. Reglar for drift og finansiering av Sunnabu vart dermed vedtekne samrøystes. Dei må godkjennast av Rådet. Det vart vedteke samrøystes å oppta lån frå medlemer på inntil Kr. 100 000,-.

Sak 2: Hyttetakstane. Dette er ei sak for styret, og nye hyttetakstar må vurderast etter installeringa av vatn er ferdig.

 

Meldingssblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen Nr. 2 2001. 82. årg.

Sunnabunytt.
Siste nytt:
04.11.01:
Styremøte, (også hyttestyremøte), dugnad og informasjonsmøte på Sunnabu,  laurdag 17. november kl. 15.00.  Dugnaden går heile dagen. Saker: Drifta av hytta, nye hyttetakstar, rutiner for utleige og framlegg til justert medlemskontingent.

Hytta har no fått innlagt vatn og kloakk. Det er montert WC og VVB . Det er førebels kopla til vatn på kjøkken og i dusjkabinett. Ein del dugnadsarbeid står att. Sjå   dugnadsliste. Snurredassen er tømt, høgtrykks-spylt inni og utanpå, og seld for Kr. 8 000,- (utan takhette/takgjennomføring). Midt oppi alt dugnadsarbeidet med grøfter og demonteringar/monteringar ifm installeringa, måtte vi også skifte takpapp på skykkja.

Rekneskap for installeringa følgjer nedanfor. Det vart til dels dramatiske overskridingar i høve til overslag. Overslaget eg gjorde for røyrleggjar-arbeidet tok berre med høgtrykksida. Alt kloakkarbeidet skulle gjerast på dugnad av "andelseigarane " og WC og anna utstyr skulle samlast inn brukt. Med ei meir upersonleg finansieringsordning, verka det usannsynleg at dette ville gå, så røyrleggjaren fekk det meste av monteringsarbeidet og WC og eitt blandebatteri fekk han levere og montere slik at vi kom i gang både med inntak og avløp. Sjølv om vi hjelpte godt til med å bore opp og skjere ut hol til alle gjennomføringar, montere sluk og så vidare, vart røyrleggjarrekningen stor. Men slik er det vel med handtverkarar.

Ved synfaring med elektrikar vart vi samde om at stigekabel og hovedsikringar måtte skiftast ut. Så no har vi 40 A, og kan bruke så mykje straum som vi har råd til. Den nye kursen til badet måtte ha jordfeilbrytar, og ein av dei gamle automatsikringane måtte skiftast ut. Så dermed var elektrikarrekningen også fordobla i høve til overslaget. Kraftlaget har spandert ny målar på oss, så no er kroneautomaten historie.

Installering av vatn og kloakk på Sunnabu
Utgifter
Graving, kummar, kloakkrøyr og elvestadrøyr til hyttevegg: 17 504.00
Røyropplegg, VVB, WC, blandebatteri kjøkken 31 691.00
Elektrisk opplegg, ny stigekabel, inntaksboks, jordfeilbrytar 12 912.50
Kommunal tilkoplingsavgift 40 400.44
Sluk, vannlås, lysbrytar, kabelklips, brukt vask, ovn, osv 1 000.00
Finansiering:
Lån frå medlemer 80 000.00
Salg av snurredass 8 000.00
Salg av pumpedusj 300.00
Restfinansiering 15 207.94
Siste post på utgiftssida er ikkje avslutta. Men det som overstig Kr. 1000 , får vi ta på driftsrekneskapet.

Styret tar gjerne imot gode framlegg til restfinansieringa. Underteikna yter eit kortsiktig lån (inntil 1 år) for betaling av rekningane som alle har forfall 1.11.

LOT

Vidare planar for Sunnabu.

Det som står att av arbeidet på bad/WC i denne omgang, er montering av 2 brukte vaskar og ein liten termostatstyrt, dobbelisolert ovn for fastmontering på badet (er det nokon som har ein slik?) Det er ikkje fall ned mot sluk, så til neste år bør vi prøve å få lagt fliser og varmekablar.

Rutiner for tøming av vass-røyr, og for kva kursar/ovnar/VVB osv som skal stå på, kan bli litt av eit puslespel. Ovnane på badet og WC går på lyskursen, VVB går på eigen kurs. I sesongen trur eg vi prøver å ha på ovnane på termostat på eit par varmegrader og eventuelt også VVB på. Dersom jordfeilbrytaren slår seg ut, vil ovnane halda temperaturen over frysepunktet på bad og WC. Røyrane inn til kjøkkenet må tømast. Det er montert eigne tømekraner i kjøkkendisken. I sprengkulde-perioder må vi kanskje inspisere hytta litt oftare enn vanleg.

Styret skal ha møte i haust og diskutere nye hyttetakstar og framlegg til justert medlemskontingent.

Informasjon om drift av hytta vil bli lagt ut på internett på adresse:

http://home.no.net/lotveita/sunnabu.htm

Her ligg det også bilete og informasjon om hytta som reklame for utleige.

 

Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen. Nr. 1 2000.  81. årg.

 

Årsmøte 2000.

Torsdag 3.2.2000 kl. 20 hjå Kirsti og Lars Olav, Ravnestølen 178.

Vanlege årsmøtesaker.

Påmelding tlf. 55 51 05 88 innan onsdag 2.2. pga servering.

 

Årsmelding for 1999.

Den einaste tilskipinga i 1999 var årsmøtet 14.1.99. hjå Kirsti og Lars Olav. Dette var eit kombinert årsmøte for 1998 og 1999

 

Referat frå årsmøtet 1998:

Innkallinga godkjend.

Årsmelding. Den var utsend med innkallinga. Årsmeldinga godkjend.

Rekneskap for 1997 godkjend.

Val utsett til neste årsmøte (samme dag).

Ingen saker til eventuelt.

Referat frå årsmøtet 1999:

Innkallinga godkjend.

Årsmelding1998 vart lagt fram på møtet. Årsmeldinga godkjend. Arrangement 1998: Lagsskyting.

Rekneskap for 1998 godkjend.

Hytta. Vedlikehald, reinhald og evt. maling/lakkering innandørs diskutert. Alle er samde om at hytta må leigast meir ut.

Val. Styret attvald:

Formann: Lars Olav Tveita

Kasserer. Kirsti Havikbotn

Skrivar: Per Erik Hansen

Styremedlem: Reidar Rusås

Varamedl.: Inga Tveito, Britt Karin Hegdal, Ingse Andersen

Ingen saker til eventuelt.

 

 

SUNNABU

Det var i 1999 ein bra snøvinter, og hytta har vore meir brukt enn dei siste åra.. Vi hadde som vanleg utleige av hytta i skulen sin vinterferie, elles har hytta vore ein del nytta av medlemer med vener i januar, februar, mars og i påskehelga. Det var også i år ein strålande haust med nokre fine hytte-helgar.

Av dugnadsarbeid som er utført, kan nemnast:
I brunnen var det ein del innsig av myrvatn. Det førte til stygg farge og lukt av vatnet. Grøfta på nedsida av brunnen var nokså tett, så den måtte gravast opp. Brunnen er tømt, og gjort rein for slam. Sandfilteret i botn har fått litt ekstra grus. Kanskje må vi grave opp rundt betongringane og sjekke sandfilteret der også. Det arbeidet er starta, men ikkje fullført. Vatnet er enno litt gult, men det er ikkje myrlukt av det lenger. Likevel vil eg tilrå at folk tar med seg nokre flasker med drikkevatn oppover. I haust henta vi litt vatn i elva, men det er kanskje vanskeleg midtvinters. Alf M. Bakke tipsa meg om at ei akvariepumpe el.l. som bles luft ned i vatnet, ville føra til at vatnet vart klarna av oksygentilførselen. Så kanskje vi skulle prøva det.

Nokre vegger og vinduskarmar ute er måla. Som vanleg var mange taksteinar tekne av snø og is. Nye taksteinar er komne på plass. Ved som har lege ukløyvd ute, er kløyvd og lagd i la. Enno ligg det meir grankubbar att. Kvar kubbe må kløyvast med kile, så det tek tid. Vi har kjøpt inn ved i sekker. Det er ikkje alle som er like glade i å saga ved, så i år slepp dei det. Men ved sida av skykkja ligg det masse gamle taklekter som skal sagast opp til opptenningsved. Så ver så god, det er enno høve til å halda varmen med sagkrakken. Flaggstonga er teken ned. Den var plukk roten.

Inne er nokre golv lakkert og golvet på rom 102 har fått nokre nye bord. Til sommaren må vi lakke stovegolvet. Ute i nybygget skal det delast av eit rom til dusj! ved sida av do. Her manglar vi enno ei dør 70x200 (karm-mål). Dette rommet skal etter planen innviast før påske.

Det er komen ny 4-platers komfyr med varmluft-steikomn. Så berre finn fram kokebøkene. Det er rydda på loftet. Soveposar som ikkje var brukt siste 20 åra, har Kvam herad fått. Ski og stavar som ikkje har vore brukt siste 10 åra, er plassert i skykkja.

Etter diverse treffningar med Herr Steine, har hytta no leigd ein parkeringsplass.

Det som det hastar mest med av vedlikehald er no:

Lakke golv. Det er lenge sidan det er gjort, så no er vel det på tide.

Byte ut pumpa på kjøkkenet. Etter diverse forsøk på å få ho tett, trur eg det er best å sjå etter ei ny (brukt?) pumpe.

Skifte ut loftsvindu (60x60cm). Er det nokon som har brukte vindu, så sei ifrå.

Husvask, særleg kjøkkenet treng ein grundig vask.

Tilbygget med do og gang ser ut som det står på stylter. Det ville vera vakrare om vi fekk laga litt grunnmur på sida ned mot vegen, og eit tre-gitter under endeveggen. Der kan vi ikkje ha grunnmur for der skal vi koma til snurredassen.

Måling av vinduskarmar inne.

Medlemspengar år 2000.

Med dette nummeret av Sunnavind følgjer giro for innbetaling av medlemspengarfor år 2000. Alle som betalar har sjølvsagt medlemskap fram til neste årsmøte vonleg i januar/februar år 2001. Vi sender ut giro til alle som har betalt for 1997, 1998 eller 1999. Veit du om nokon som saknar innbetalingsgiro, så be dei ta kontakt med styret. Medlemstalet har halde seg omlag konstant siste året.

 

Medlemer 1998 og 1999: (fellesinnbetaling for desse 2 åra)

Hjalmar Tvedt Britt Hegdal Gunnbjørg Valved

Alf M. Bakke Magne Ro Per Erik Hanssen

Anne Sofie Totland Olav Bjørgen Britt Bjørgen

Anders K. Engevik Helge Eldevik Finn Mortensen

Ingse Andersen Petter Ersvær Olav Kvernenes

Reidun Rusås Reidar Rusås Kirsti Havikbotn

Lars Olav Tveita Jan Magne Helland Inga Tveito

Kari Aarbakke

Sjå til at du kjem på lista også no når vi går inn i år 2000, og få gjerne med deg nokon av dei du saknar.

 Viktige telefonar:

Hyttesjef: Lars Olav 55 51 05 88

på hytta: 90 61 63 59

 

Bygdelaget Sunnhordlendingen 80 år.

Den 31. Januar 1919 var det skipingsmøte for SØNDHORDLANDSLAGET.

"Vårt lag skulle arbeide for full forståelse mellom byen og innflytterne, at kontakten mellom utflytterne og hjembygden måtte fornyes, samtidig med at laget skulle være en hyggeplass for medlemene" skreiv første formannen i laget, B. Sørfonden.

Den 22. mars samme året vart det halde stiftelsesfest.

Det vart diverre ikkje noko markering av 80-årsjubileet. Og no er det berre 9 år til laget er 90 år!

 

Hyttetakstar.

Som de ser av den vedlagde giroen, vil hyttestyret gjera framlegg om nye hyttetakstar, med ein auke på 20-25%. Det er over 10 år sidan hyttetakstane vart endra, så no må vi ta leggja på ein 10-kroning pr. natt. Straumautomaten er no berre til pynt, så vi aukar straumtillegget til kr. 50,- per døgn. Hytta betalar no for ein parkeringsplass. Det er plass nr. 86 . Dessutan har eg ein plass som eg betalar for (nr. 87). Dei som nyttar ein av desse plassane, betaler kr. 20,- pr. dag og kr. 20,- pr. natt til hytta. Det heng parkeringslapp inne i gangen. Ikkje oppta andre plassar i Mødalsvegen utan avtale med herr Steine. Han har ledige plassar på parkeringsplassane nede ved riksvegen.

Det ligg giroar på hytta til bruk ved betaling av hytterekning.


Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen nr. 1 1998. 79. Årg.

Årsmøte 1998 og 1999.

Torsdag 14.1.99 kl. 20 hjå Kirsti og Lars Olav, Ravnestølen 178.

Vanlege årsmøtesaker.

Påmelding tlf. 55 51 05 88 innan onsdag 13.1. pga servering.

Årsmøtet har siste åra kome seinare og seinare. I 1998 fekk vi ikkje tid til å avvikle møtet avdi det kom som julekvelden på kjerringa. Difor denne vrien. Med to møte i eitt, er vi i rute att!

 

Årsmelding for 1997.

Den einaste tilskipinga i 1997 var årsmøtet 1.12.97.

 

Referat frå årsmøtet:

Årsmelding. Den var utsend med innkallinga. Årsmeldinga godkjend.

Rekneskap godkjend.

Hytta. Alle går inn for å prøva å leiga ut hytta. Då dei gamle kronestykka forsvinn, let vi straumautomaten stå open, og tek kr. 35,- pr. døgn for straum.

Val. Formann: Lars Olav Tveita

Kasserer. Kirsti Havikbotn

Skrivar: Per Erik Hansen

Styremedlem: Reidar Rusås

Varamedl.: Inga Tveito, Britt Karin Hegdal, Ingse Andersen

Ingen saker til eventuelt.

 

Årsmelding for 1998 vert lagt fram på årsmøtet.

 

SUNNABU

Det var også i år ein vinter med lite snø. Vi hadde som vanleg utleige av hytta i skulen sin vinterferie, elles har hytta vore ein del nytta av medlemer med vener i januar, mars og i påskehelga. Det var også ein strålande haust med mange fine hytte-helgar.

Seint i fjor haust fekk vi skifta ein del kledning på sørvegg og golvbord på rom 101. Vi fekk laga til sink og vindulister rundt dei nye vindaugo, og nye vinduskarmar inne.

Dei to første kammera i snurre-dassen er tømt, og den ser ut til å fungere bra.

Kvist og kvast som har lege i store dungar framfor hytta mellom anna etter lysverket si høgging, er stort sett brent på bål i stille haustkveldar. Det er tatt ned ein del tre, serleg mot sør. Så no er det rikeleg med sol.

I vinter var det så pass lite snø at vi parkerte 2 bilar oppover vegen til hytta. Med eit lite lass pukk og grus der, kunne vi fått ein brukbar parkeringsplass.

Det som det hastar mest med av vedlikehald er no:

Å skifte eit par golvbord på rom 102. I den tida det var lekkasje har det kome så pass vatn inn på golvet der også at nokre golvbord har rotna. Men no er hytta tett.

Lakke golv. Det er lenge sidan det er gjort, så no er vel det på tide.

Byte ut pumpa på kjøkkenet. Etter diverse forsøk på å få ho tett, trur eg det er best å sjå etter ei ny (brukt?) pumpe.

Skifte ut loftsvindu (60x60cm). Er det nokon som har brukte vindu, så sei ifrå.

Skiferen på gamleheimen er litt ille medfaren heilt nederst av snø og is. Ein del stein må skiftast, men det er ingen fåre for lekkasje.

Av andre arbeid som står for tur kan eg nemna:

Å få oppover ved.

Husvask, særleg kjøkkenet treng ein grundig vask.

Av-deling av rom til dusj. Der treng vi framleis ei 70x200 fyllings-dør , gjerne gamal.

Tilbygget med do og gang ser ut som det står på stylter. Det ville vera vakrare om vi fekk laga litt grunnmur på sida ned mot vegen, og eit tre-gitter under endeveggen. Der kan vi ikkje ha grunnmur for der skal vi koma til snurredassen.

Hytta har gått litt på underskot i det siste, men dei ustabile vintrane med lite snø får ta ein del av skulda for det. Elles er hytta i god stand, og tåler meir bruk.

 

Medlemspengar 1998 og 1999.

Med dette nummeret av Sunnavind følgjer giro for innbetaling av medlemspengar både for 1998 og 1999. I rekneskapen gjer vi det slik at dei som betaler før 31.12. kjem i 98-rekneskapen, resten kjem i 99-rekneskapen. Men alle har sjølvsagt medlemskap fram til neste årsmøte vonleg i januar år 2000. Vi sender ut giro til alle som har betalt for 1996 eller 1997. Veit du om nokon som saknar innbetalingsgiro, så be dei ta kontakt med styret. Medlemstalet har halde seg omlag konstant siste året.

Medlemer 1997: (ein del av dei betalte i 1998 og står ikkje i rekneskapen for 1997)

Hjalmar Tvedt Britt Hegdal Gunnbjørg Valved

Alf M. Bakke Magne Ro Per Erik Hanssen

Anne Sofie Totland Olav Bjørgen Britt Bjørgen

Anders K. Engevik Helge Eldevik Sigmund Myklevoll

Beate Myklevoll Anne Britt Tornes Atle Tornes

Finn Mortensen Ingse Andersen Inge M. Helland

Petter Ersvær Olav Kvernenes Reidun Rusås

Reidar Rusås Kirsti Havikbotn Lars Olav Tveita

Jan Magne Helland Inga Tveito Kari Aarbakke

Bjørg Lervik Storebø Eldrid Meling Hanssen

Sjå til at du kjem på lista også når vi går inn i år 2000, og få gjerne med deg nokon av dei du saknar.

 

 

Sunnabu-skytinga 1998.

Skyttarlaget er ikkje gått heilt i hi. Måndag 4. Oktober avvikla vi skytinga for menn. Innkallinga til skytinga var visst hemmeleg, så berre 3 møtte opp. Nytt av året var elektronisk anvisning på 200m. Så i løpet av ein og ein halv time skaut vi både Sunnabuskyting og dugleiksmerke, i alt 60 skot kvar. Det var gildare enn nokon gong. Resultatet av Sunnabuskytinga vart:

Jan Magne Helland 190 poeng

Lars Olav Tveita 182 poeng

Olav Bjørgen 181 poeng

Vi gratulerer Jan Magne med sunnabukruset til odel og eiga.

 

Viktige telefonar:

Hyttesjef: Lars Olav 55 51 05 88 (NB nytt nummer)

på hytta: 90 61 63 59

 

Bygdelaget Sunnhordlendingen 80 år.

Den 31. Januar 1919 var det skipingsmøte for SØNDHORDLANDSLAGET.

«Vårt lag skulle arbeide for full forståelse mellom byen og innflytterne, at kontakten mellom utflytterne og hjembygden måtte fornyes, samtidig med at laget skulle være en hyggeplass for medlemene» skreiv første formannen i laget, B. Sørfonden.

Den 22. mars samme året vart det halde stiftelsesfest.

Vi vil prøve å få til ei markering av jubileet i løpet av året.

 

 

 

 

Rekneskap for driftsåret 1998.

Dette rekneskapet er naturleg nok ikkje avslutta enno. Men vi reknar med å ha det klart og revidert til årsmøtet.