Dugnad

Sunnabu ] Styre ] Sunnavind ]

Dugnadsliste Sunnabu 2012
Oppdatert 01.01.13

 For alt dugnadsarbeid må hyttestyret kontaktast dersom det er kostnader på over Kr. 300 knytta til arbeidet. Har du materialrestar o.l. heime som du kan bruke vederlagsfritt, så utnytt det. Verktøy (utanom spade, sag, hammar og øks) må du baserer deg på å ta med sjølv.

 

1.      Køyre bort gamle materialar som ligg i dunge ved skykkja. Må ha tilengjar.  Det kan køyrast til gjenbruksstasjonen i Samnanger som har ope sundagskveld frå kl 16 til kl 20  eller til gjenbruksstasjon i Bergen.

2.      Samle murestein frå grøftetrase´ og mure grunnmur under bad/gang austvegg.

3.      Lage lettvegg (spileverk) under tilbygg (WC/bad) mot nord og vest. Må kunne opnast for inspeksjon av kloakkrøyr mm.

4.      Sjekke pålane og oppmurte støtter under gamleheim (tilbygg sør).

5.      Slipe og lakke golv (spesielt stova og gangen)

6.   Vaske vindu (kvart år).

7.      Felle tre.  Nokre bjørker nær  ved veg opp til hytta ved inngangsparti. Forsiktig med høgspentlinje. Sag opp til ved , kløyv og legg til tørk.

8.      Støvsuge spindelvev og generell vask av heile hytta lufting av dynene på loftet (kvar sommar).

9.  Rydding ute. Fjerne kvist som ligg utover. Dersom du har stor flisekuttar, er det mykje kvist og greiner som skal flisast opp. Mellom anna ein stor dunge sør for hytta.

10.  Tilbygg nord bør no snart målast. Farge: kastanje.

11.  Lage ei hylle over varmtvannstank til å plassere toilettvesker mm på

12. Montere (evt lag lister til) 2 stk 6' kvadratiske gjennomføringar i utluftingar mellom bad og WC. Det er laga hol.

13. Spikre oppatt takstein som er lause/ falle ned (kvar sommar)

14. Skaffe ny bakdør/dørkarm gamleheim.80X185 utvendig karm-mål.

15. Fjerne vaskane på soveromma.

16. Sage opp ved som ligg under presenning sør for hytta (opptenningsved)

17. Rydde rundt hytta(kvar sommar).

18. Lage foring i dørkarm mellom stove og Gamleheim, evt skifte dør og karm.

19. Lage foring evt. montere tetningslist under dør/dørkarm i inngangsdør.

20. Sage ned dei store granene framfor hytta. Sage opp til ved.

21. Ta inn i skykkja ved som ligg under tilbygg nord.

22. Monter ventil i sørvegg på loft. Det er montert ventil i nordvegg.
Når begge ventilar står opne kan vi få god utlufting på loftet når hytta ikkje er i bruk.