Sunnavind
Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen.
Nr. 1 2005
86. årg Nettversjon:
http://home.no.net/lotveita/sunnavin.htm
Innkalling
til årsmøte:
Tid:
Fredag 13. februar kl. 20
Stad:
På Sunnabu
Sakliste:
1.
Årsmelding for 2003 og 2004.
2.
Rekneskap for 2003 og 2004.
3.
Medlemskontingent
4.
Drift av Sunnabu.
5.
Val.
6.
Eventuelt.
Dersom det høver betre for fleire,
flyttar vi årsmøtet til lørdag!
|
|
4.
juni i fjor prøvde vi å avvikle årsmøte på Sunnabu. Berre formannen møtte
opp.
Vi
prøver igjen med årsmøte kombinerer det med ein hyttekveld med god mat og
drikke, og for dei som har høve til å vera over til lørdag og evt. sundag:
Fine turar til Negerlandsbyen eller Sildrebekken.
Meld helst frå om du kjem på tlf. 55 51 05 88/90 61 63 59
innan dagen før. Det er
sikkert plass til familiemedlemer også.
Alle
tar med ein betre middag til årsmøte
kvelden (biff eller liknande).
Plan for drift av hytta våren 2005:
(sjå også http://home.no.net/lotveita/utleige.htm
)
Ei
helg kvar månad disponibel for arrangement:
11.-13. februar: Årsmøte
12.-13. mars: Sunnaburenn
15.-17. april.
Alle
andre helger og veker prøver vi å leige ut
til medlemer eller andre.
Fordeling
av hytta skjer slik i sesongen (januar-april):
For
utleige ei helg:
Fordeling skjer torsdag kl. 19.00 8 dagar før
utleige. Alle som har meldt seg innan den tid, vil bli vurdert. Medlemer har
fortrinnsrett. Dersom ingen har
meldt seg, gjeld "først til mølla" etter det tidspunkt. Inntil ei
helg kvar månad kan "seljast" på førehand
utan tidsfrist til eksterne/interne leigetakarar. Hyttestyret kan dermed straks
svare ja på forspørsler om hytteleige framover i tid.
Dei
helgane hytta står disponibel for medlemer (ei helg kvar månad):
Dersom
ingen har meldt seg interessert i å nytta hytta før torsdag
(1 dag før helga), kl. 19.00, kan hytta leigast ut etter prinsippet
"først til mølla".
Vinterferie
2005 (21.2-25.2)+helga før eller etter:
Utleige
til markedspris (min kr. 4500 , kr.
3500 for medlemer). Dersom ingen
medlemer har meldt seg interessert innan torsdag 20.januar kl. 19.00, så
blir hytta leigd ut til eksterne.
Påskeferie med palmehelg 2005 (18.3-28.3) (kan f.eks. delast i to):
Fordeling
skjer torsdag 3.3. kl.19.00 mellom dei som har meldt seg interessert til dess.
Etter det skjer tildeling etter prinsippet "først til mølla" eller
hyttestyret kan velja å leiga ut komersielt dersom det er ledig tid.
Takstar
f.o.m 1.12.01:
|
|
|
|
Medl.
|
Ikkjemedl.
|
Pr.
natt (utanom påske)
|
50
|
60
|
Pr.
natt påskeonsdag-2.påskedag
|
70
|
80
|
Veke
sundagskveld-fredagskveld
|
750
|
1200
|
større
grupper/klassar tillegg pr. person
|
20
|
30
|
Helg
fredagskveld-sundagskveld
|
500
|
800
|
større
grupper/klassar tillegg pr. person
|
20
|
30
|
|
|
|
For
enkeltdøgn kjem tillegg kr. 50 pr døgn for straum for deling mellom
|
alle
på hytta.
|
|
|
|
|
|
Bruk
av parkeringsplass: Kr. 20 pr. dag + kr. 20 pr natt. (Ikkje ved vekeleige)
|
Medlemer i Sunnhordlendingen 2004:
Finn Mortensen, Ingse Andersen, Britt Karin
Hegdal, Atle Jan Røyrvik, Knut Skålnes, Atle Tornes, Anne Britt Tornes, Anne
Sofie Totland, Olav Bjørgen, Kari Aarbakke, Alf M. Bakke, Inga Tveito, Reidar
Rusås, Reidun Rusås, Kirsti
Havikbotn, Lars Olav Tveita, Olav Kvernenes, Per Aga, Gunnbjørg Skålevik, Jan
Steinar Urdshals
Årsmelding for
2003
Aktiviteten
i dette året er berre det som har foregått på hytta. Som rekneskapen viser,
er det litt betre bruk av hytta dette året.
Men medlemene har ikkje tatt hytta i bruk i den grad som ein kunne vona..
Kjøkkenet er no pussa opp med 2 skuffeseksjonar, eit
gryteskap med karusell og ny benkeplate. Vegger og dører er nymåla og
det er komen ny vinduskarm. Rommet
innafor kjøkkenet er måla i lyse fargar, både tak og veggar. Dette er eit prøveprosjekt
for å teste korleis vi kan gjera med andre mørke rom. Fleire soverom står for
tur for opp-pussing. Men kva med stova? Ein del ny lysarmatur er komen opp både
i stova, på soverom og på loftet. Av dugnadsarbeid elles, er det flikka litt
med måling (alle endeveggar er nymåla) , taket er lappa litt osv.
Til sommaren må heile hytta få seg eit strøk måling og eine loftsvinduet må
skiftast ut. Fleire vindu bør få sprosser. I gangen bør vi få til eit
garderobe/tørkeskap.. Fleire graner som tar sola i solkroken bør fellast
(etter samråd med Fjellkameratane) og vedskuret ved skykkja må renoverast.
Årsmelding for
2004
Styret dette
året har vore:
Formann:
Lars Olav Tveita
Kasserar:
Kirsti Havikbotn
Skrivar:
Per Aga
Styremedlem:
Reidar Rusaas
Varamedlemer: Atle Jan Røyrvik, Britt Karin Hegdal, Inga Tveito
Ettersynsmenn: Per Erik Hanssen og Atle Jan Røyrvik
Råd etter årsmøte i 2003:
Kjell Matre,
Vald for 1 år
Atle Tornes,
Vald for 2 år
Kari Aarbakka, Vald
for 3 år
Olav Bjørgen, Vald
for 4 år
Anne Sofie Totland, Vald for 5 år
I 2004 har
aktiviteten vore på eit lavmål. Hytta har vore lite brukt. Det går klart fram
av rekneskapet. Likevel er ein god del dugnadsarbeid utført:
Hytta er nymåla. Ein gjeng ungdommar: Renate, Christina, Eivind og Miriam var
flinke med målarkosten dei fine og varme dagane i august. Inne er soverommet
innafor stova måla i lyse fargar. Det skrøpelege loftsvinduet mot sør er
skifta ut. Det var på tide for karmen var godt på veg til å rotne.
Granene på grensa mot Fjellkameratane i sør-aust har fått toppane
kutta og ein del tre er tatt ned. Det
ser vel kanskje ikkje så fint ut med toppkappa graner, men det veks opp nye
toppar, og det er greit å ha ein ”hekk” mot vegen og parkeringsplassen.
Mødalsvegen er lagt om med ny bru,
så no held vi til i ein blindveg med lite trafikk, og det er bra. Vi måtte
betale Kr. 1500 i andel i brua, og har ei vegavgift på kr. 300 pr. år. I
tillegg kostar parkeringsplassen Kr. 900 pr. år.
Til våren kjem det kanskje bom med magnetkort på brua. Vi må ha eit
kort til kvar nøkkel – minst
Stort underskot på Sunnabu i 2004
Overnattingar
har gått ned med 6000 kroner frå førre året. Frostsprenging av ein
stoppekrane og ein reduksjonsventil
førte til ekstraordinere kostnader på vel 2000 kroner. Dermed vart det større
underskot enn nokon gong på hyttedrifta. Dei faste utgiftene stig sakte, men
sikkert frå år til år. Eit lyspunkt er det at vi har litt pengar til gode hjå
kraftlaget som har antatt større straumforbruk enn det vi har hatt.
BYGDELAGET
SUNNHORDLENDINGEN REKNESKAP
FOR 2004.
|
|
|
|
|
|
|
Resultat/KTV
2004
|
|
|
|
|
|
|
2004
|
|
|
2003
|
|
Medlemspengar
|
|
4
000,00
|
|
|
4
000,00
|
Overnattingar
|
|
7
620,00
|
|
|
13
645,00
|
Gebyr/renter
|
91,83
|
|
|
|
10,72
|
Straum
|
6
066,27
|
|
|
6
391,50
|
|
Renovasjon/vassavgift
|
7
130,00
|
|
|
6
665,00
|
|
Forsikring
|
2
848,00
|
|
|
2
723,00
|
|
Driftsutg./vedlikehald
|
5
359,57
|
|
|
4
011,60
|
|
Underskot
|
|
9875,67
|
|
|
2135,38
|
|
21
495,67
|
21
495,67
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Balanse
|
|
|
|
|
|
|
31.12.04
|
|
|
31.12.03
|
|
Bank
Spareb.Vest
|
122,24
|
|
|
122,24
|
|
Postbanken
|
2
081,02
|
|
|
754,62
|
|
Sunnabu
|
150
000,00
|
|
|
150
000,00
|
|
Kreditor:
Lars Olav
|
|
32
155,78
|
|
|
20
954,71
|
Lån
medlemer
|
|
80
000,00
|
|
|
80
000,00
|
Eigenkapital
|
|
40
047,48
|
|
|
49
923,15
|
Ørebalanse
|
|
|
|
|
|
|
152
203,26
|
152
203,26
|
|
|
|
Endring
eigenkapital
|
|
-9
875,67
|
|
|
|
|