Sunnavind

Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen.    Nr. 1  2006   87. årg  Nettversjon: 

Innkalling til årsmøte:

Tid:Torsdag 23. november kl. 20

Stad: Hjå Kirsti og Lars Olav på Ravnestølen

Sakliste:

1. Årsmelding for 2005.

2. Rekneskap for 2005.

3. Medlemskontingent.

4. Drift av Sunnabu.

5. Val.

6. Eventuelt.

Bilete: Vegard murer grunnmur på hytta.

 

I år er vi sein med avviklinga av årsmøtet, så det høver best å ha det i bydn, så får vi heller prøve å få til neste årsmøte til våren på Sunnabu.  Meld helst frå om du kjem på tlf. 55 51 05 88/90 61 63 59  innan dagen før.  


Plan for drift av hytta våren 2006:
 (sjå også http://home.no.net/lotveita/utleige.htm )

Ei helg kvar månad disponibel for arrangement:
9.-11.  februar: Veterantrefff  9.-11. mars mars: Årsmøte   13.-15. april.       

Alle andre helger og veker prøver vi å leige  ut til medlemer  eller andre.

 

Fordeling av hytta skjer slik i sesongen (januar-april):

For utleige ei helg:

Fordeling skjer torsdag kl. 19.00 8 dagar før utleige. Alle som har meldt seg innan den tid, vil bli vurdert. Medlemer har fortrinnsrett.  Dersom ingen har meldt seg, gjeld "først til mølla" etter det tidspunkt. Inntil ei helg kvar månad kan "seljast" på førehand utan tidsfrist til eksterne/interne leigetakarar. Hyttestyret kan dermed straks svare ja på forspørsler om hytteleige framover i tid.

 

Dei helgane hytta står disponibel for medlemer (ei helg kvar månad):

Dersom ingen har meldt seg interessert i å nytta hytta før torsdag  (1 dag før helga), kl. 19.00, kan hytta leigast ut etter prinsippet "først til mølla".

 

Vinterferie 2006 (26.2-2.3)+helga før eller etter:

Utleige til markedspris (min kr. 4500 ,  kr. 3500 for medlemer).  Dersom ingen  medlemer har meldt seg interessert innan torsdag 20.januar kl. 19.00, så blir hytta leigd ut til eksterne.
Påskeferie med palmehelg 2006 ( 30.3-9.4) (kan f.eks. delast i to):

Fordeling skjer torsdag 15.3. kl.19.00 mellom dei som har meldt seg interessert til dess. Etter det skjer tildeling etter prinsippet "først til mølla" eller hyttestyret kan velja å leiga ut komersielt dersom det er ledig tid.

 

Hyttetakstane er modne for revidering. Det vil bli vurdert på årsmøtet. Dei gjeldande takstane er

 

Takstar f.o.m 1.12.01:

 

 

 

Medl.

Ikkjemedl.

Pr. natt (utanom påske)

50

60

Pr. natt påskeonsdag-2.påskedag

70

80

Veke sundagskveld-fredagskveld

750

1200

større grupper/klassar tillegg pr. person

20

30

Helg fredagskveld-sundagskveld

500

800

større grupper/klassar tillegg pr. person

20

30

 

 

 

For enkeltdøgn kjem tillegg kr. 50 pr døgn for straum på deling mellom

alle på hytta.

 

 

 

 

 

Bruk av parkeringsplass: Kr. 20 pr. dag + kr. 20 pr natt. (Ikkje ved vekeleige)

 

22 medlemer i Sunnhordlendingen 2005:
Finn Mortensen, Ingse Andersen, Britt Karin Hegdal, Atle Jan Røyrvik, Knut Skålnes, Atle Tornes, Anne Britt Tornes, Anne Sofie Totland, Olav Bjørgen, Kari Aarbakke, Alf M. Bakke, Inga Tveito, Reidar Rusås,  Reidun Rusås, Kirsti Havikbotn, Lars Olav Tveita, Olav Kvernenes, Per Aga, Gunnbjørg Skålevik, Jan Steinar Urdshals, Berit Røgelstad, Anne Marie Havnelid

Årsmelding for 2005
Styret dette året har vore:
Formann:               Lars Olav Tveita
Kasserar:               Kirsti Havikbotn
Skrivar:                   Per Aga
Styremedlem:        Reidar Rusaas
Varamedlemer: Atle Jan Røyrvik, Britt Karin Hegdal, Inga Tveito
Ettersynsmenn: Per Erik Hanssen og Atle Jan Røyrvik
Rådet etter årsmøte i 2004:
 Kari Aarbakka,     1  år igjen
Olav Bjørgen,        2 år igjen
Anne Sofie Totland, 3 år igjen
Ingse Andersen, vald for 4 år
Atle Tornes, vald for 5 år

I 2005 var aktiviteten liten. Hytta var ein del brukt, men ikkje på langt nær så mykje som det kunne vera ønskjeleg. Rekneskapen for 2005 går nesten i balanse, men til dels er det pga for store innbetalingar for straum året før.  Det har vore mange fine skihelgar på Kvamskogen både i 2005 og 2006, og det er berre synd at ikkje fleire brukar Sunnabu. Begge åra er det utført vanleg vedlikehald. Taket må kvart år reparerast. 5-6 takstein rasar av kvar vinter. Veden som var høgd i 2004, er komen i hus, så no er skykkja full.

Innlagt vatn med dusj og WC fungerer godt. Men vinteren 2004/2005 var vi for seine med å få på varme på badet, så då sprengde frosten ein reduksjonsventil, noko som førde til ein del ekstra arbeid og utlegg.

Det har kome bom med nøkkelkort til  på brua. Så no nyttar det ikkje å berre bruke privatnøkkel til hytta. Vi har kjøpt inn 2 nøkkelkort, ekstra nøkkelkort kostar kr. 200. Etter mange år med lite veiavgift, er alle hytteeigarane no pålagt (ved dom i jordskifteretten) å vera med i Mødalen veglag. Det kostar oss 500 kroner pr år.

Av andre lagsaktivitetar kan det nemnast at fana til Sunnhordlendingen er fotografert og katalogisert saman med alle andre ungdomslagsfaner i landet. Kontoret vårt i Fensal er for lengst overgitt til Gular, og våre ting har stått på eit loftsrom i Fensal. Men no skal Fensal leigast ut (eller seljast) til kommunen, og vi måtte fjerne alle tinga våre. Eg køyrde heim eit billass med permar, bøker anna papir og grovsorterte og kasta ein del. Resten ligg på loftet på Sunnabu. Mellom anna ligg 40-50 eksemplar av ”Bokjo” der og mange interessante protokollar

Referat frå Årsmøte 2003 og 2004.
Felles årsmøte for begge åra vart halde på Sunnabu 11. februar 2005.  4 medlemer var til stades. Årsmelding og rekneskap for begge åra vart godkjende. Medlemskontingenten vart sett til kr. 200. Styret, varamedlemer og ettersynsmenn vart attvalde. Rådet vart supplert med 2 nyvalde medlemer. Etter årsmøtet var det biffaften.

BYGDELAGET SUNNHORDLENDINGEN   REKNESKAP  FOR 2005.

 

 

 

 

 

 

 

Resultat/KTV 2005

 

 

 

 

 

 

2005

 

 

2004

 

Medlemspengar

 

4 400,00

 

 

4 000,00

Overnattingar

 

8 700,00

 

 

7 620,00

Gebyr/renter

82,01

 

 

91,83

 

Straum

1 454,99

 

 

6 066,27

 

Renovasjon/vassavgift

7 300,00

 

 

7 130,00

 

Forsikring

2 783,00

 

 

2 848,00

 

Driftsutg./vedlikehald

1 796,80

 

 

5 359,57

 

Underskot

 

          316,80

 

 

9875,67

 

13 416,80

13 416,80

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Balanse

 

 

 

 

 

 

31.12.05

 

 

31.12.04

 

Bank Spareb.Vest

0,00

 

 

122,24

 

Postbanken

8 123,92

 

 

2 081,02

 

Sunnabu

150 000,00

 

 

150 000,00

 

Kreditor: Lars Olav

 

38 393,24

 

 

32 155,78

Lån medlemer

 

80 000,00

 

 

80 000,00

Eigenkapital

 

39 730,68

 

 

40 047,48

 

158 123,92

158 123,92