|
Sunnavind Meldingsblad for Bygdelaget Sunnhordlendingen. Nr. 1 2007 88. årg Nettversjon: http://home.no.net/lotveita/sunnavin.htm Innkalling til felles årsmøte 2007 og 2008:
I år er vi sein med avviklinga av årsmøtet, så det høver best å utsettja det til våren, og avvikla det saman med årsmøte 2008 på Sunnabu. Det vil koma ny innkalling, men prøv alt no å settja av denne helga, så kan vi kombinere det med eit veterantreff.
(sjå også http://home.no.net/lotveita/utleige.htm ) Ei helg kvar månad disponibel for arrangement: Alle andre helger og veker prøver vi å leige ut til medlemer eller andre.
Fordeling av hytta skjer slik i sesongen (januar-april): For utleige ei helg: Fordeling skjer torsdag kl. 19.00 8 dagar før utleige. Alle som har meldt seg innan den tid, vil bli vurdert. Medlemer har fortrinnsrett. Dersom ingen har meldt seg, gjeld "først til mølla" etter det tidspunkt. Inntil ei helg kvar månad kan "seljast" på førehand utan tidsfrist til eksterne/interne leigetakarar. Hyttestyret kan dermed straks svare ja på forspørsler om hytteleige framover i tid. Dei helgane hytta står disponibel for medlemer (ei helg kvar månad): Dersom ingen har meldt seg interessert i å nytta hytta før torsdag (1 dag før helga), kl. 19.00, kan hytta leigast ut etter prinsippet "først til mølla". Når hytta ikkje er utleigd (dvs. vanlegvis) er hytta disponibel for spontan oppreising etter avtale med hyttesjef. Vinterferie 2008 (18.-22.2)+helga før eller etter: Utleige til markedspris (min kr. 4500 , kr. 3500 for medlemer). Dersom ingen medlemer har meldt seg interessert innan torsdag 20.januar kl. 19.00, så blir hytta leigd ut til eksterne.
Fordeling skjer torsdag 28.2. kl.19.00 mellom dei som har meldt seg interessert til dess. Etter det skjer tildeling etter prinsippet "først til mølla" eller hyttestyret kan velja å leiga ut komersielt dersom det er ledig tid. Hyttetakstane er modne for revidering. Her er framlegg til nye hyttetakstar med verknad frå 1.1.08:
22 medlemer i Sunnhordlendingen 2006: Årsmelding for 2006 Formann: Lars Olav Tveita Kasserar: Kirsti Havikbotn Skrivar: Per Aga Styremedlem: Reidar Rusaas Varamedlemer: Atle Jan Røyrvik, Britt Karin Hegdal, Inga Tveito Ettersynsmenn: Atle Jan Røyrvik og Finn Mortensen Rådet etter årsmøte i 2006: Olav Bjørgen, 1år igjen Anne Sofie Totland, 2 år igjen Ingse Andersen, 3 år igjen Atle Tornes, 4 år igjen Kari Aarbakke vald for 5 år I 2006 var aktiviteten liten. Hytta var ein del brukt, men ikkje på langt nær så mykje som det kunne vera ønskjeleg. Rekneskapen for 2006 går med stort underskot, men det har ikkje vore andre utgifter enn dei faste + straum som har normalverdi dette året. Det var mange fine skihelgar på Kvamskogen i 2006, og det er berre synd at ikkje fleire brukte Sunnabu. I 2007 har det også vore ein fin skisesong når først regnet gav seg ut i februar, og første skitur opp til Komediebakken er alt unnagjort no i desember. Det er utført vanleg vedlikehald. Litt maling og takreparasjonar Vi minner om at det har kome bom med nøkkelkort til på brua. Så no nyttar det ikkje å berre bruke privatnøkkel til hytta. Vi har kjøpt inn 2 nøkkelkort, ekstra nøkkelkort kostar kr. 200. Referat frå Årsmøte 2006. Rekneskap for 2006 Resultat/KTV 2006
Rekneskapen vil bli revidert saman med rekneskap for 2007 før årsmøtet i februar. Dei store endringane i straumutgifter frå 2005 til 2006 skuldast at vi i 2004 betalte inn altfor mykje etter stipulert målarstand. Forbruket i 2006 er det "normale". |